Kennel Nilsgarden

Kennel Nilsgarden

Om oss

Hei!

Vi er to sunnmøringar buset i Barstadvik i Ørsta kommune. 
Frode Sætre og Irma Håvoll Sætre.

I oktober kom Lerke til oss. Ho er fødd 23. august 2009. Vi var då ferske hundeeigarar og har aldri angra på at vi bestemte oss for å ha hund eller val av hunderase. No kan vi ikkje tenkje oss å vere utan hund. Lerke er familievennleg, har roleg gemytt, passeleg storleik og er ein super turkamerat.

Vi bur landleg til midt i Sunnmørsalpane. I 2013 kjøpte vi eit småbruk i nærleiken. Der får vi enda større plass til både hund og etterkvart sauer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar