Kennel Nilsgarden

Kennel Nilsgarden

torsdag 31. juli 2014

Dag 37 -45

Regnvèr er bloggevèr!

No har ei veke gått sidan siste innlegg og vèret har tatt til å normalisere seg til typisk vestlandsvèr.
Temperaturen er meir behageleg for pelskledde bamsar og aktivitetsnivået stig med lavare temperatur og trang til å utforske.

Dagane har gått med til aktivitetar både inne, på altanen 
og i Nilsgarden.
Kvalpane er nyskjerrige og har behov for å møte nye utfordringar.
Dei får inn i mellom springe fritt på gras og grus. 
Og dei elskar høgt gras å gøyme seg i.

Denne siste veka har dei fått møtt nabohunden, Nora. Ho er på storleik med kvalpane og det vart ein veldig fin leik etter dei hadde snusa på kvarandre og vorte trygge. 

Hundegarden ved lødebrua har no vorte for liten. Vi har no sett opp gjerde i hagen i Nilsgarden slik at dei kan få springe og hærje på eit større område. Det er mykje energi som skal ut!

Alle fem er veldig aktive. Nokre utmerkar seg ved å vere meir nyskjerrig enn andre og nokre likar å vere i fanget for kos meir enn andre. Personlegheitene kjem tydelegare fram etterkvart.

Det er posisjonering heile tida innan syskjenflokken. Biting og leikeslossing med mykje lyd. Det er ikkje like lett å vere fotograf.


 Litt avslapping i skyggen


Ein påtår med mammakos






Det skal bitast på alt


Slåssing under påsyn




Titt titt, her er eg! 




Puh! Alito


Amaro 




Aiko


tirsdag 22. juli 2014

Dag 28 - 36

Sidan sist har det vore meir fint vèr, ei lita veke med regn og no siste veka har det vore ein enda finare og varmare sommar. 
Dei som har greie på det snakkar om rekordvarm sommar. 

Det som er sikkert at det å ha kvalpar er absolutt kjekt i slikt finevèr! Dei elskar å vere ute. Vi startar som regel dagen med mat på altanen og hærjing. Etter ei stund ligg kvalpane rett ut og søv.

Dei har no vorte litt over 5 veker. 
Aktivitetsnivå og meistringsnivå aukar kvar dag.
Sidan sist har dei tatt til å logre skikkeleg med halen. 
Dei er så sjarmerande når dei kjem springande med 
ein hale som lograr febrilsk. 
Det er som dei seier: "Sjå på meg, sjå på meg".
Akkurat som mora! 

Dei får springe litt fritt når vi er i Nilsgarden. 
Dei elskar høgt gras med mange fine gøymestadar.
Dei har leika i mold, (heldigvis er den veldig tørr) og grus. 

Elles har dei eit hundegjerde plassert i skuggen ved lødebrua. 

Vi har øvd litt på å gå i band, men det er ikkje lett å øve med 5 i band samtidig når dei går kvar sin veg. Det er lettare to og to, men fortsatt forvirrande for dei vil no helst springe dit dei vil. 
Små bein blir også fort trøytte så det er ikkje lange ykta med øving.
Vi har også oppdaga at dei er lurt å ha kjetting nedst på kobbelet, for kvalpetenner er skarpe og det er fort gjort å gnage av bandet....

Dei tek til å bli ganske flink til å kome når vi seier kom! 

Kvalpane er merka slik: 
Amaro er lett å kjenne att med svart pels med grå flekkar, Aiko har kun halsband og Alito har kvit (grå) sløyfe i halsbandet sitt. Angeletta har rosa sløyfe i halsbandet sitt og Aida har lilla halsband.

13.juli
Alle er nybada!



Slik må det etast skal du bli stor og sterk!



16.juli
Alito søv



17.juli

Systrene


Amaro


Aiko


Alito


18.juli

Leik på altanen


Eit lite bilbur er spennande


Her er både husrom og hjerterom


Ein god soveplass


19.juli

Leik i hagen



Ein høneblund i mellom slaga


Avkjøling/bading









Vasking


Felles trøyst


21.juni

Overoppsynet:



Då er vi omtrent klare til å køyre bil..... 
Ikkje like lett å stå stille under fotograferinga


22.juli

Lerke får avkjøle seg litt i storelva. Ho kan symje viss ho vil!



Her ligg gjengen rett ut etter ei aktiv økt.


Nokre har meir behov for fotbad enn andre...