Kennel Nilsgarden

Kennel Nilsgarden

mandag 30. juni 2014

Dag 8 - 15

Ei veke har gått og kvalpane et, søv og veks! Frå dag 10 tok augene til å opne seg og no har dei tydelege auge alle fem. 

Dei siste to dagane har dei tatt til å leikesloss med kvarandre og det viser tydeleg på ganglaget at beina har fått meir styrke. Dei vaggar rund i kvalpekassa. Litt hyl og skrik av og til, men stort sett er det stilt og roleg. 

Mor Lerke har fått ormekur i to dagar  og kvalpane starta på ein tredagarskur i går. 

I dag har dei alle fem fått halsband for å lettare skilje dei frå kvarandre. Tidlegare har dei vore merka med korrekturlakk på ulike stader på kroppen.

Lerke har fortsatt mykje mjølk til dei. Dei ligg som regel rett ut når dei har fått mat og verkar svært fornøygd med tilværet.

Mammakos 25.juni



Enda meir kos 29.juni


Soving 30.juni





mandag 23. juni 2014

Dag 4 - 7

Dagane går fort med kvalpar i hus. 
Dei et, akar seg rundt og søv i alle slags rare stillingar!
I går hadde alle fem kvalpane dobla fødselsvekta si.

Slik søv vi:











Lerke er flink å halde kvalpane reine.


Mat må vi ha:





onsdag 18. juni 2014

Dag 1 - 3

Dag 1 og 2:

Det råder fred og harmoni i kvalpekassa. 
Dei første dagane og nettene har det vore mykje ro på dagtid og litt meir action om natta. Lerke er snarturar i hagen for å gjere frå seg elles er ho fullt opptatt av å slikke og stelle kvalpane sine. 
Ho har funne ut etterkvart at det er lurt å sove når kvalpane søv.









Aiko av Kennel Nilsgarden
Vektkurve: 427 - 491 - 551 - 622



Alito av Kennel Nilsgarden 
Vektkurve: 385 - 450 - 501 - 579


Aida av Kennel Nilsgarden
Vektkurve: 395 - 469 - 500 - 560



Amaro av Kennel Nilsgarden
Vektkurve: 368 - 419 - 473 - 529


Angeletta av Kennel Nilsgarden
Vektkurve: 318 - 385 - 444 - 499

Dag 3
Kvalpane er mette og gode. 
Det er litt vanskeleg for Lerke å ha full oversikt, men kvalpekassa er
laga slik at kvalpane kan åle seg rundt henne utan fare for å bli skada.


søndag 15. juni 2014

Kvalpane er fødd!

15.juni 2014

5 nydelege kvalpar er fødd.

Lerke har gjort ein utruleg flott jobb som mor.
Fødselen starta kl.11.08 og siste kvalpen kom kl.19.06.

Kvalp 1: Gut 427 gr
Kvalp 2: Gut 368 gr
Kvalp 3: Jente 395 gr
Kvalp 4: Jente 318 gr
Kvalp 5: Gut 385 gr













Det har vore ein fantastisk dag der vi har fått tatt i mot desse små nurka.


søndag 8. juni 2014

På leit etter ein passande kar til Lerke

I vinter bestemte vi at vi ville ha eit kull på Lerke. 
Vi kontakta Britt -Ingunn Hamre, som oppdretter av Dazzling Dainy`s og Bettina Franz som er veteriær om dei kunne hjelpe oss å finne ein hanne som passa til Lerke. Vi melde oss inn i NGEH www.nghe.info. Etter veker med leiting fekk vi nokre forslag som vi vurderte og bestemte oss for. Då var det berre å vente på løpetida. Vi venta og venta. Veka før påske kom den og då var det berre å planlegge tur til Hamburg på paringsferd. 

Vellukka paring 15. og 16.april 
med Askan