Kennel Nilsgarden

Kennel Nilsgarden

fredag 29. august 2014

Siste kvalpen



Litt mammakos!
Aida var siste kvalpen som flytta til ny heim. Ho har fått nytt namn, Vilja. 






Siste to dagane har ho fått mykje kvalitetstid i lag med mor si. Ho har fått vore med Frode på jobb og fått sove på soverommet siste natta før ho flytta. 


"Fredag 15.august kom Unni, mi nye matmor og henta meg. Ho har vore her fleire gongar for å helse på meg og no skulle eg endeleg få følgje henne heim!
Ein liten biltur til Krogsætra på Vatne. Der skal eg bu.
Der er det fritt og fint med mykje plass å springe og leike".




Lykke til, Vilja.
Vi gleder oss til å sjå deg att!


onsdag 27. august 2014

Tre kvalpar att



Leikeslossing!
Aida, Angeletta og Aiko.




Besøk av Ingrid, Wolf-Günter og Anuschka.
Dei var her i 3 dagar og fekk god tid til å bli kjend med Aiko og nærområdet.



Sosialisering!







Aiko reiste i to dagar for å kome heim. Heldigvis er han van med å køyre bil. 
Han har flytta til Norddeich i Tyskland. 

Angeletta har fått møte dei nye egiarane sine nokre gongar før ho skulle flytte. Ho har kortaste reiseveg av alle. Gunnar og Anne Mette kom å henta henne onsdag 13.august og ho har no flytta til Volda. Der har ho det godt i lag med dei nye eigarane sine. Vi gleder oss til å treffe henne att!



Lykke til med vekene framover! Ho har fått nytt namn: Era!


Etter tre dagar i Barstadvik var Ingrid og Wolf-Günter klar for å reise tilbake til Tyskland.
Vi er sikker på at Aiko vil får det godt der! 



Lykke til alle fire :-)

Varme tankar til Angeletta og Aiko!


mandag 25. august 2014

Alito og Amaro reiser til nye heimar.



9.august og det nærmar seg flyttedag for dei to første kvalpane. Først ute er Alito. 
Han er så heldig at han skal flyge for å kome heim. 
"Det var spennande å møte Kamilla, mi nye matmor" :-) 
Eit hjarteleg møte mellom Alito og den nye eigaren.  




Det var spennande å prøve reisebagen. Var Alito for stor? Det gjekk akkurat!


Kvelden før vi skulle køyre på flyplassen og levere Alito måtte han få dusje og pynte seg litt.
Reisa heim til Narvik gjekk fint og vi gler oss over at han har det godt i den nye heimen sin.


Amaro måtte også få dusje og pynte seg litt. Han skal bli bergenser og hadde ein lang biltur framfor seg. Turen gjekk bra og han har det veldig fint i lag med Magnus og Anna Elise i Bergen.


Litt ekstra kos med matmor før heimreise. Ein skikkeleg hjarteknusar!



Eg kjenner at eg saknar desse gode bamsane. Det har vore ei verdifull tid å følgje dei opp. 
Trur det har vore ein av den mest meiningsfulle sommaren vi har hatt på lenge!

Varme tankar til Alito og Amaro.
Gode ynskjer for framtida :-)

Eit tilbakeblikk - 1.august

Dei siste vekene av kvalpetida gjekk fort. Mykje akivitet og action dagen lang! 
Vi tok mykje bilete, men det vart ikkje tid til å blogge og dokumentere. 
Derfor blir det nokre tilbakeblikk. Siste to vekene utvida vi uteområdet til kvalpane slik at dei fekk utfalde seg meir. Kvalpane fekk blant anna møte ein annan litt større nabohund. Lerke har vore svært flink til å avvenne dei og gripe inn i leiken når ho har sett det har gått har litt hardt føre seg.















torsdag 31. juli 2014

Dag 37 -45

Regnvèr er bloggevèr!

No har ei veke gått sidan siste innlegg og vèret har tatt til å normalisere seg til typisk vestlandsvèr.
Temperaturen er meir behageleg for pelskledde bamsar og aktivitetsnivået stig med lavare temperatur og trang til å utforske.

Dagane har gått med til aktivitetar både inne, på altanen 
og i Nilsgarden.
Kvalpane er nyskjerrige og har behov for å møte nye utfordringar.
Dei får inn i mellom springe fritt på gras og grus. 
Og dei elskar høgt gras å gøyme seg i.

Denne siste veka har dei fått møtt nabohunden, Nora. Ho er på storleik med kvalpane og det vart ein veldig fin leik etter dei hadde snusa på kvarandre og vorte trygge. 

Hundegarden ved lødebrua har no vorte for liten. Vi har no sett opp gjerde i hagen i Nilsgarden slik at dei kan få springe og hærje på eit større område. Det er mykje energi som skal ut!

Alle fem er veldig aktive. Nokre utmerkar seg ved å vere meir nyskjerrig enn andre og nokre likar å vere i fanget for kos meir enn andre. Personlegheitene kjem tydelegare fram etterkvart.

Det er posisjonering heile tida innan syskjenflokken. Biting og leikeslossing med mykje lyd. Det er ikkje like lett å vere fotograf.


 Litt avslapping i skyggen


Ein påtår med mammakos






Det skal bitast på alt


Slåssing under påsyn




Titt titt, her er eg! 




Puh! Alito


Amaro 




Aiko