Kennel Nilsgarden

Kennel Nilsgarden

tirsdag 31. mai 2016

Fødsel 27.mai 2016

Lerke fødte seks velskapte kvalpar fredag 27.mai 2016.
Alle er hannar. Dei har vakse fint dei fire første dagane.
Lerke er ei flink og ansvarsfull kvalpemor.
Alle seks har fått nye eigarar.

Oppdatering frå kvalpekassa 
for nye kvalpeeigarar på facebooksida: 

Kennel Nilsgarden


søndag 15. mai 2016

Termin

Lerke har termin 27.mai 2016
Interesserte kvalpekjøparar ber vi ta kontakt på mail.
Skriv gjerne litt om deg sjølv. 

Vi går veldig spennande dagar i møte.

søndag 28. februar 2016

Nytt kull våren 2016


Vi planlegg at Lerke (Dazzling Dainty, Bettina) 
skal ha eit nytt kull våren 2016. 
Vi venter på løpetida. Den kan kome når som helst. 
I Danmark har vi gjort avtale
med Casakallisto.dk om å bruke Alaska.








fredag 29. august 2014

Siste kvalpen



Litt mammakos!
Aida var siste kvalpen som flytta til ny heim. Ho har fått nytt namn, Vilja. 






Siste to dagane har ho fått mykje kvalitetstid i lag med mor si. Ho har fått vore med Frode på jobb og fått sove på soverommet siste natta før ho flytta. 


"Fredag 15.august kom Unni, mi nye matmor og henta meg. Ho har vore her fleire gongar for å helse på meg og no skulle eg endeleg få følgje henne heim!
Ein liten biltur til Krogsætra på Vatne. Der skal eg bu.
Der er det fritt og fint med mykje plass å springe og leike".




Lykke til, Vilja.
Vi gleder oss til å sjå deg att!


onsdag 27. august 2014

Tre kvalpar att



Leikeslossing!
Aida, Angeletta og Aiko.




Besøk av Ingrid, Wolf-Günter og Anuschka.
Dei var her i 3 dagar og fekk god tid til å bli kjend med Aiko og nærområdet.



Sosialisering!







Aiko reiste i to dagar for å kome heim. Heldigvis er han van med å køyre bil. 
Han har flytta til Norddeich i Tyskland. 

Angeletta har fått møte dei nye egiarane sine nokre gongar før ho skulle flytte. Ho har kortaste reiseveg av alle. Gunnar og Anne Mette kom å henta henne onsdag 13.august og ho har no flytta til Volda. Der har ho det godt i lag med dei nye eigarane sine. Vi gleder oss til å treffe henne att!



Lykke til med vekene framover! Ho har fått nytt namn: Era!


Etter tre dagar i Barstadvik var Ingrid og Wolf-Günter klar for å reise tilbake til Tyskland.
Vi er sikker på at Aiko vil får det godt der! 



Lykke til alle fire :-)

Varme tankar til Angeletta og Aiko!


mandag 25. august 2014

Alito og Amaro reiser til nye heimar.



9.august og det nærmar seg flyttedag for dei to første kvalpane. Først ute er Alito. 
Han er så heldig at han skal flyge for å kome heim. 
"Det var spennande å møte Kamilla, mi nye matmor" :-) 
Eit hjarteleg møte mellom Alito og den nye eigaren.  




Det var spennande å prøve reisebagen. Var Alito for stor? Det gjekk akkurat!


Kvelden før vi skulle køyre på flyplassen og levere Alito måtte han få dusje og pynte seg litt.
Reisa heim til Narvik gjekk fint og vi gler oss over at han har det godt i den nye heimen sin.


Amaro måtte også få dusje og pynte seg litt. Han skal bli bergenser og hadde ein lang biltur framfor seg. Turen gjekk bra og han har det veldig fint i lag med Magnus og Anna Elise i Bergen.


Litt ekstra kos med matmor før heimreise. Ein skikkeleg hjarteknusar!



Eg kjenner at eg saknar desse gode bamsane. Det har vore ei verdifull tid å følgje dei opp. 
Trur det har vore ein av den mest meiningsfulle sommaren vi har hatt på lenge!

Varme tankar til Alito og Amaro.
Gode ynskjer for framtida :-)

Eit tilbakeblikk - 1.august

Dei siste vekene av kvalpetida gjekk fort. Mykje akivitet og action dagen lang! 
Vi tok mykje bilete, men det vart ikkje tid til å blogge og dokumentere. 
Derfor blir det nokre tilbakeblikk. Siste to vekene utvida vi uteområdet til kvalpane slik at dei fekk utfalde seg meir. Kvalpane fekk blant anna møte ein annan litt større nabohund. Lerke har vore svært flink til å avvenne dei og gripe inn i leiken når ho har sett det har gått har litt hardt føre seg.